Bestiller nybygg hos Solund Verft
Solund Verft AS har teikna nybyggingskontrakt for 2 stk. SC38 Kystnot-fartøy, konstruert av Seacon as, heimehøyrande i Måløy.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Det er med stor glede at Solund Verft AS kan meddele at kundane er to reiarlag heimehøyrande i Sogn og Fjordane.
Lending Rederi AS frå Solund har kontrahert verftets bygg nr. 6. Dette fartøyet skal riggast for fiskeri med snurrevad, ringnot og garn. Det skal byggast med kombinerte fryserom og RSW- kjøling.
Vestøy AS frå Bulandet/ Askvoll har kontrahert verftets bygg nr. 7. Dette fartøyet skal riggast for fiskeri med snurrevad og ringnot. Det skal byggast med konvensjonell RSW- kjøling.
Leveringsdato er høvesvis januar 2014 og juni 2014.
Hovuddata for fartøya er:
LOA 38.55 m.
Bredde 9,5 m.
Lastekapasiteten er på om lag 420 m³ kombinert fryserom og RSW for bygg nr. 6.
Lastekapasiteten er på om lag 480 m³ RSW for bygg nr. 7.
Nybygg realisert med samarbeid i det maritime kompetansemiljøet i Sogn og Fjordane.
Dei to fartøya av typen SC38, er dei to fyrste i den ny generasjon kystnot- fartøy frå Seacon as. SC38 er vidareutvikling av det velprøvde designa SC34, som det er kontrahert totalt 9 fartøy av. Fleire av desse designa SC34 er utrusta ved verft i Sogn og Fjordane, med dyktige lokale underleverandørar. Solund Verft og begge reiarlaga har vore delaktige i utviklinga av det nye tilskottet til kystnot - flåten, og Seacon er stolt over å kunne presentere SC38, som i dag står fram som det ypparste innan design, brukarvennligheit og eigenskapar innan denne flåtegruppa.
Både reiarlag, konstruktør og verft, samt hovudtyngda av underleverandørane har lokal tilknyting og adresse i Sogn og Fjordane.
Reiarlaga og verftet er lokalisert i nabokommunane Solund og Askvoll.
Konstruktøren Seacon as, som og har ei lang rekke andre nybygg på leveringslista, er heimehøyrande i Vågsøy.
Elektroinstallasjonar skal leverast og installerast av HAFS Elektro, som er heime høyrande i Solund/ Hyllestad.
Innreiing skal leverast og monterast av Maritim Montering AS, som er heimehøyrande i Gaular.
Sparebanken Sogn og Fjordane har både byggjelån finansiering og finansiering av begge nybygga.
Innovasjon Noreg er og inne som finansiering for reiarlaga.
Wergeland Holding AS er inne som garantistiller og finansiering for byggeverftet.
Det ligg også an til at fleire sentrale underleverandørar på utrustningssida, vil ha regionalt opphav og adresse i fylket. Dermed har ein oppnådd at tyngda av verdiskapinga ha sitt opphav og base i fylket.
Begge reiarlaga og verftet har bak seg eit langvarig kundeforhold, der også større ombyggings arbeider på deira noverande farty er ein del av dette.
Skroga vil bli bygd ved Riga Shipyard i Latvia og deretter taua til Solund for utrustning. Største delen av utrusting og ferdigstilling vil utførast innandørs i den nye skipshallen ved verftet.
Verftets langsiktige satsing på opparbeiding av verftsfasilitetar, kompetanse og relasjonar i fiskerimiljøet, har no vist seg å gje resultat i form av desse to nybyggings kontraktane.
Det er og vesentleg for verftet å framheve at den normale aktiviteten ved verftet, reparasjons og vedlikehalds oppdrag framleis vil på gå med tilnærma normal kapasitet sjølv om nybygga er under utrustning.