Rolls-Royce design til to nye pelagiske fiskefartøy
Larsnes Mek. Verksted AS med nybygg til dei to reiarlaga Kings Bay AS og Eros AS
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Det er inngått kontrakt mellom Larsnes Mek. Verksted AS og reiarlaga Kings Bay AS og Eros AS, begge med heimehamn i Herøy, om bygging av to 77,5 m lange pelagiske fartøy.
Designa, av typen NVC 354, er utvikla i nært samarbeid med reiarane og Rolls-Royce si avdeling i Ålesund, Ship Technology – Fish, der felles erfaring er tatt inn i prosjektet.
Fleire verft i Noreg og i utlandet konkurrerte om oppdraget, men Larsnes Mek. Verksted AS hadde det beste tilbodet og fekk oppdraget. –Dette er svært gledeleg, seier direktør Jarle Gunnarstein ved Larsnes Mek. Verksted AS. Dette er eit godt bevis på at norske verft i tillegg til kvalitet også kan konkurrere på pris når ein konkurrerer basert på same design og spesifikasjon.
Skroga skal byggast ved eit polsk verft og utrustast ved Larsnes Mek. Verksted AS. Den første båten skal leverast i juni 2012 og den andre i desember same året.
For reiarane, Bjørn Sævik - dagleg leiar hos Kings Bay AS og Per Magne Eggesbø – dagleg leiar hos Eros AS, er det og gledeleg å få plassere kontrakten i nærmiljøet og hos eit skipsverft som har vist seg særs dyktige når det gjeld bygging av pelagiske fartøy.
Reiarane vil og framheve det gode samarbeidet dei har hatt seg i mellom og som no kan presenterast i to like fartøy, der erfaringa frå begge reiarlaga har lagt grunnlaget for optimaliseringa av fartøya.
- Vi har hatt eit godt samarbeid med desse rederia i mange år og for Eros sin del blir dette tredje nybygget vi leverer, dette set vi stor pris på, seier Monrad Hide i Rolls-Royce, som presiserer at firmaet gjennom kontinuerlige satsing på utvikling av nye fiskebåtar, representerer den spesialkompetanse som det store pelagiske miljøet har behov for.
Rolls-Royce skal levere design, komplett byggedokumentasjon samt mesteparten av utstyret til fartøyet, sett saman til ein integrert design og utstyrsleveranse.
Nye Eros og Kings Bay vil på fleire område verte ein ny generasjon pelagiske fartøy, spesielt innan miljø og driftsøkonomi. Båtane skal ha overbygde notbingar med eit nytt system for legging av nota. Dette vil medføre at mannskapet får ein lettare og tryggare arbeidsplass. I denne samanhengen kan også nemnast overbygd shelterdekk.
For å få gunstigast mogleg driftsøkonomi og miljøprofil, skal fartøya arrangerast med eit hybrid framdriftssystem som betyr at ein kan køyre både dieselelektrisk og dieselmekanisk, eller ein kombinasjon av begge delar. Anlegget er designa med ulike driftsmodus ut frå reiarlaga sine årelange driftserfaringar.
Skroget er ei vidareutvikling av dei særs gode skroga som Rolls-Royce har utvikla for fiskefartøy dei siste åra. Det er lagt ned eit omfattande utviklingsarbeid inkludert avanserte CFD berekningar for å sikre at dei nye fartøya skal få høg fart, vere støysvake, rimelege i drift og samtidig få gode sjøeigenskapar. Berekningane vil bli verifiserte ved modellforsøk i både stillevatn og bølgjer.
Fartøya vil få ein lastekapasitet på 2000 m3, som kan aukast til om lag 2400 m3 dersom nye reglar for lasteromsvolum blir gjeldande. Nybygga vil kunne laste dette med svært godt fribord. RSW tankane er designa med tanke på skånsam behandling av fisken og enklare reinhald.
Fartøya vert også utstyrte for å kunne utføre oppdrag innanfor havforsking, og er planlagde med mellom anna stor lugarkapasitet, fleire laboratorium og senkekjøl.
Nybygga skal innreiast for 25 personar og begge fartøya blir leverte med det mest moderne utstyret som er tilgjengeleg innanfor mellom anna elektronikk, fiskeleiting og navigasjon. Nybygga vert og leverte med ei svært moderne planløysing av brua med mindre pulteiningar og nedseinka kartrom for optimal sikt frå styrehuset.
Fartøya skal fiske etter sild, makrell, hestemakrell, lodde og kolmule og skal utrustast med separat dekksutstyr for tråling og for fiske med ringnot.