Kleven Maritime skal bygge PSV for reiarlaget J.J. Ugland
Kleven Maritime har inngått kontrakt med offshore-reiarlaget Ugland Offshore om bygging av eit avansert plattformservice-fartøy som skal utrustast ved Myklebust Verft i Sande kommune. Leveringsdato er sett til 29. juni 2012.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
- Dette er ein svært kjærkomen kontrakt for alle oss i Kleven Maritime, og spesielt for våre tilsette ved Myklebust Verft. Denne kontrakten er med på å sikre kontinuitet i bemanninga til våren, seier konsernsjef Ståle Rasmussen.
Den korte leveringsfristen skuldast at kontrakten er basert på eit skrog som allereie er under bygging i Polen, men det er fyrst no gjort avtale om kven som skal ha fartøyet ved levering.
J.J.Ugland-selskapa (JJUC) har saman med med-investorar etablert det nye selskapet Ugland Offshore, og er med det tilbake i offshoremarknaden. Frå før har Ugland bulk-fartøy, shuttle-tankarar, lekterar, operasjon av taubåtar og anna maritim verksemd.
Fartøyet er av typen VS 485 MK II PSV frå Wärtsilä Ship Design Norway, og Wärtsila skal i tillegg til design også levere generatorsett, automasjon og elektriske system.
Dødvekta på det nye fartyet er på om lag 5 000 tonn, lengde 85 meter, breidde 20 meter, og med eit dekksarealet på over 1 000 m2. Klassenotasjon Clean Design sikrar lave utslepp ved katalysator på motorane, i tillegg er fartya utrusta med rensesystem for ballastvatn. Fartøyet har lett isklasse (ICE C), utstyr for oljevern (Oil Rec), og er utrusta for standby-tenester og redningsoppdrag.
Kleven Maritime har ein ordrereserve på 11 skip til ein samla verdi på over 4 milliardar kroner.