“Juanita” - Offshore support fartøy 2015
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Utstyrt med drivstoffbesparande Scana propulsjonssystem
“Juanita” til Ugland Offshore vart kåra til årets offshore support fartøy på OSJ konferansen 2015 i London, sist veke.
Scana Propulsion gratulerer Ugland Offshore, Kleven Verft og Salt Ship Design med prisen, og er samtidig svært stolte over å ha levert framdriftssystemet til skipet.
Scana CRP system, er det første i sitt slag på marknaden, og består av to kontraroterande propellar drivne av to permanentmagnetmotorar. Det innovative framdriftsanlegget med permanentmagnet teknologi er utvikla i nært samarbeid med Inpower, som er eit deleigd selskap av Scana Propulsion.
Juryen bak kåringa har lagt vekt på den ekstraordinært innovative propulsjonsløysinga til skipet. “Juanita” har vore i operasjon for Statoil sidan ho var levert frå Kleven i mai 2014, og har i løpet av den første driftsperioden vist eit betydeleg lavare drivstofforbruk samanlikna med PSV’ar med andre propulsjonssystem. I ei tid med sterk fokus på effektivisering og kostreduksjon i offshore-næringa er dette eit framdriftssystem som Scana Propulsion trur vil sette ein ny standard i næringa.