Første offshorefartøy fra Rolls-Royce med naturgass er levert
Island Offshore har døypt det første av to supplyfartøy av Rolls-Royce design som skal nytte naturgass som drivstoff. Det avanserte nybygget Island Crusader er av typen UT 776 CDG.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
- Det er eit viktig poeng for oss å redusere drivstofforbruket. Båtane våre av UT 776- design har gunstige skroglinjer som sørgjer for eit svært lavt forbruk av drivstoff ved ei rekkje operasjonar, seier adm. direktør Håvard Ulstein i Island Offshore.
- Vi trur at den viktigaste faktoren i arbeidet med å redusere utslepp er å redusere forbruket for ei gitt oppgåve. Å gå over til naturgass for å redusere utsleppa ytterlegare er eit logisk steg for oss. Det designet vi no har fått levert set ein standard som vi har stor tru på vil halde seg godt også i framtida, seier han.
Island Crusader og systerskipet Island Contender vart begge døypt laurdag 2. juni. Sistnevnte er planlagt levert i september 2012. I tillegg til desse to fartøya har Island Offshore sju UT 776 CD plattform supply fartøy i flåten, samt to under konstruksjon.
- Det er alltid ei glede å sjå designa våre ferdig bygde og klare for levering til fornøgde reiarar. Akkurat denne leveringa er ekstra spesiell for oss, sidan det er første leveringa av eit slikt framtidsretta og drivstoffeffektivt fartøy. UT 776 CDG er designa for å redusere påverkinga av miljøet og omgjevnadane samtidig som ein beheld yteevna til fartøyet, seier Jørn Heltne, direktør ved Rolls-Royce si designavdeling i Ulsteinvik.
Rolls-Royce har utvikla eit gass-elektrisk/diesel-elektrisk framdriftssystem for det nye fartøyet. Effektiv kapasitet i gasstankane er på ca. 250 kubikkmeter, tilsvarande to til tre ukers operasjonstid på berre gass, avhengig av operasjonsprofil.
I samsvar med gjeldande reguleringar er Island Crusader utstyrt med to LNG-motorar samt to dieselmotorar for å ha backup om eitt av systema skulle feile. Dei to motorsetta kan også brukast på same tid avhengig av motorkrafta fartøyet treng.
Bruken av gass som drivstoff betyr at NOx-utsleppa vert reduserte med om lag 90 prosent, mens utslepp av SOx og partiklar er ubetydelege. CO2-utsleppa vil vere vesentleg reduserte.
Fartøyet vart bygd ved STX OSV sitt verft i Brevik. Når Island Crusader no går ut i teneste vil ho utføre transport og forsyningstenester mellom offshorebaser på landsida og olje- og gassinstallasjonar i Nordsjøen. Bunkring av drivstoff vil bli gjort ved offshorebasene langs norskekysten.
Fartøyet er 96 meter langt, 20 meter breitt og vil også vere utstyrt for oljeoppsamlingsoppdrag.