Hyundai i Korea byggjer design frå ULSTEIN
Toisa Ltd har signert ein kontrakt med Hyundai Heavy Industries (HHI) om bygginga av eit fleirfunksjonelt offshore konstruksjonsfartøy designa av ULSTEIN.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
DP3-fartøyet (DP3=dynamisk posisjonering høgaste klasse) er ein tilpassa versjon av Deepwater Enabler-designen frå ULSTEIN sitt designselskap i Nederland, Ulstein Sea of Solutions.
Skipet er utvikla for å kunne jobbe over heile verda, og er eigna til å gjennomføre mellom anna subsea-konstruksjon, offshore-konstruksjon og vedlikehaldsoperasjonar. Dette blir det største X-BOW®-fartøyet så langt. Skroglinjeforma X-BOW® bidreg til at skipet vert ei stødig plattform for konstruksjonsarbeidet.
- Det som gjer dette fartøyet unikt er at det er utvikla for å kunne takle framtidas krav, seier Bram Lambregts, som er sals- og marknadssjef i Ulstein Sea of Solutions. – Det gode og tette samarbeidet med Toisa og Hyundai har resultert i eit svært allsidig skip, understrekar han.
Fartøyet har høg kapasitet og er svært fleksibelt. Skipet er utstyrt med ei aktiv hivkompensert offshorekran med kapasitet til å løfte 900 tonn i 360 graders radius, og kan senke utstyr ned til 3500 meters djupne. Der er også ei 200-tonns knekkbomkran, som kan operere ned til 2000 meters djupne. Skipet kan også bli utstyrt med eit 550-tonns tårn for fleksible rør plassert over hovudmoonpoolen, som måler 8,4 gongar 8,4 meter, og to rørkarusellar, kvar med 2500-tonns kapasitet, kan bli monterte under dekk. Frå ROV-hangaren kan ein sette ut to store ROV-ar (fjernstyrte miniubåtar) på kvar side, eller gjennom ein annan moonpool. Gjennom denne moonpoolen kan ein også sette ut ei dykkarklokke.
Skipet har dieselelektrisk framdrift med tre azimuth-thrusterar (sidepropellar) som står for hovudframdrifta. Maskineriet, kraft- og kontrollsystema er fysisk skilde i to delar for å kunne stette DP3-krava ved brann.
Skipet oppfyller krava til SPS- og MODU-kodane, noko som mellom anna gjer at skipet stettar krava til høgaste komfortklasse, COMF-V (3). Skipet vert innreidd for 250 personar, med store lugarar, kontor, arbeidsrom og avslappingsområde.
Dekkarealet på om lag 2900 m2 gir maksimalt ledig dekksområde for å kunne installere utstyr i høve til oppdrag, til dømes utstyr for rørlegging, eller heavy offshore-utstyr til installasjonsarbeid. Dekket er forsterka med opptil 50 t/m2 dekkstyrke.
Skipet er det første som vert bygd basert på ULSTEIN sin Deepwater Enabler-design. Denne designen er utvikla for å tillate reiarane å vere meir fleksible overfor skiftande marknadskrav, mellom anna ved at skipet vekselvis kan arbeide overfor subsea- og offshoremarknader.