HAVYARD 843 CD: «Kan Tan 225», eit Havyard 843 CD-design frå Havyard Group AS, bygt ved Yuexin Shipyard i Shanghai, er nå døypt og overlevert til det gigantiske kinesiske oljeselskapet Sinopec.

Havyard-skip levert i Kina

Havyard 843-designet «Kan Tan 225» er nå døypt og levert til gigantselskapet Sinopec i Kina. Dette er fyrste utgåva av det som vert neste generasjon av mellomstore ankerhandteringsfarty.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

«Kan Tan 225» er designa av Havyard Group AS som har hovudkontor i Fosnavåg på Sunnmøre med avdelingskontor mellom anna i Shanghai. Skipets eiger; Sinopec, er det nest største oljeselskapet i Kina og landets største produsent og leverandør av raffinerte oljeprodukt.

«Kan Tan 225» er bygt ved verftet Yuexin utanfor Shanghai, og mandag var det storstilt dåp.

PROTOTYPE

-Dette er det fyrste skipet av dette Havyard 843 CD-designet som er bygt. Det er eit ankerhandteringfarty som gjer over 17 knop, er 81 meter langt og 19,5 meter breidt, opplyser Bjørn Bergsnes som er prosjektsjef for internasjonale prosjekt i Havyard Ship Technology AS. Havyard karakteriserar skipet som neste generasjon av mellomstore ankerhandteringsfarty.

- «Kan Tan 225» er ein komplisert prototype av høg standard. Difor bruker det kinesiske verftet litt lengre tid på denne enn på litt enklare type skip dei har bygt tidlegare. Det er imponerande å sjå kva dei har fått til, fortel Bergsnes.

Bergsnes og Mao Liling, ved Havyards Shanghai-kontor, var til stades på dåpen mandag saman med mellom andre Sinopec-representantane; president Mr. Zuo Wenqi og generaldirektør for skipsavdelingen Mr. Shu Kaixi.

–Vi er svært nøgde med fartyet frå Havyard Group, påpeiker Sinopec-leiinga som også legg til at dei ser fram til å fortsette samarbeidet med det norske konsernet.

FAKTA HAVYARD 843 CD

  • Lengde: 81 m
  • Bredde: 19.5 m
  • Fart: 17 knop
  • Dekkstørrelse: 560 kvadratmeter
  • Mannskap: 34 personer
  • Dødvekt: 3200 tonn