Frå då reiarane henta nyebåten "SAS Orion"frå FMV, Foto: Servicebåt

Dobbeldåp for Servicebåt AS

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Servicebåt AS inviterer til dåp av nybygga "SAS Virgo" og" SAS Orion", i Austevoll fyrstkommande laurdag.

Av: Linn Therese Skår Hosteland/kyst.no

Båtane er bygd hjå Fitjar Mekaniske Verksted (FMV) og er allereie i arbeid med spyling av nøter og anna serviceaktivitet for havbruksnæringa.

På under eitt år har reiarlaget satt fire fartøy i sving, og har sidan oppstarten av selskapet i november i fjor hatt servicefartøya "MS Malin" og "MS Tørres" innleigd på chart.

Les også: Doblet flåten i sitt første år

Selskapet har tidlegare påpeika at sjølv om det har vist seg utfordrande å få på plass langsiktige avtalar med oppdrettskundane er alle fartøya i drift.

Selskapet inviterer no på Facebook alle interesserte til dåp av fartøya samt kake, kaffe og drikke til store og små i Gallertiet ved Bekkjarvik Gjestgiveri etter den formelle seremonien på kaien.

Dåpen finn stad laurdag, tredje desember kl 1300 i Bekkjarvik, indre hamn, og etter dåpen vert det ifølgje selskapet høve til å komma ombord i båtane for visning og ein båtprat.