Næringsminister Monica Mæland delte ut pris til “Årets maritime lærebedrift” Island Offshore i dag under Haugesundskonferansen. Training Manager Svein Magne Tenfjord tok i mot prisen på vegne av rederiet

Island Offshore – ”Årets maritime lærebedrift”

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Island Offshore vart tildelt prisen som «Årets maritime lærebedrift» for 2015 under Haugesundskonferansen i dag.

Dette er ein pris som vert tildelt ei bedrift som har utmerka seg i særs positiv retning for rekruttering av norsk maritim kompetanse, og det er Stiftelsen Norsk Maritim Kompetanse (SNMK) som står bak utnemninga. Det var næringsminister Monica Mæland som overrekte prisen til Training Manager Svein Magne Tenfjord frå Island Offshore.

Nominasjonen av Island Offshore er det Maritimt Forum Nordvest og Opplæringskontoret for Maritime Fag Nordvest som har stått for.

- Det betyr mykje for oss å motta denne prisen, og spesielt no når markedet er så krevjande. Folka våre er vår viktigaste ressurs, og denne utnemninga reflekterer nettopp det: Sjølv om det er dårlege tider, så kan vi ikkje berre gi slepp på desse unge som faktisk er framtida vår. Det har høg prioritet for oss å fortsatt kunne tilby opplæringsplassar,» seier Håvard Ulstein, adm.dir. i Island Offshore.

Grunngjeving

Breidde og langsiktigheit i arbeidet med kompetanse er delar av grunnen til at styret i SNMK delar ut prisen til Island Offshore:  I 2015 har Island Offshore hatt totalt 56 opplæringsstillingar rundt om i flåten. 21 av desse er lærlingar som vart tekne opp i 2015, 21 er andreårslærlingar medan resten er kadettar, nærmare bestemt 22 i talet i kortare og lengre periodar. Dette er langt over det behovet rederiet sjølv har for påfyll av offiserar og matrosar heiter det i begrunninga. Dette viser kva for eit ansvar Island Offshore tek for oppbygging av maritim kompetanse.

Reiarlaget er også opptekne av å ta inn kandidatar med ulik bakgrunn som matros-, motormann- og skipselektrikarfaget, samt kokkelærlingar. Alle desse fagfelta var representerte blant lærlingane i 2015. Vidare vert kadettane henta inn både frå fag- og høgskulen, og det vert særskilt rekruttert jenter; to jenter var lærlingar og fem jenter hadde  kadettstillingar i 2015!

Også kvaliteten på opplæringa som vert gitt er viktig for reiarlaget. Island Offshore sender alle sine instruktørar og assessorar på kurs i opplæring og bedømming - slik at dei er godt budde på å gi opplæring i henhald til STCW*-konvensjonen sine krav til opplæring og sertifisering av norske sjøfolk om bord på norske fartøy. Styret i SNMK finn med utgangspunkt i det ovannevnte at Island Offshore er ein svært verdig vinnar av prisen «Årets maritime lærebedrift» for 2015 heiter det.

Stiftinga

Stiftinga vart oppretta i 2003, og skal bidra til kompetansehevings- og rekrutteringstiltak for norske sjøfolk. Hovudoppgåva er å bidra til at antalet opplæringsplassar om bord er tilstrekkeleg og i samsvar med næringa og samfunnet sine behov. Stiftinga gir tilskot til opplæringsstillingar for lærlingar, kadettar og junioroffiserar. Antal opplæringsstillingar om bord på skip som er omfatta av ordninga har auka kraftig sidan opprettinga av fondet.