Norge og Sør-Korea vil samarbeida om skipstryggleik
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Norske og sør-koreanske sjøfartsmyndigheiter har signert ein avtale om Omforent Memorandum (MoU).
– Avtalen sikrar samarbeid og informasjonsutveksling om skipstryggleik, miljø og ny teknologi. Dette vil føra til tettare samarbeid både bilateralt og i internasjonale fora, og vil styrkja begge partar. Sør-Korea er ein svært viktig sjøfartsnasjon, og det er veldig positivt at landet ønskjer tettare fagleg samarbeid med Sjøfartsdirektoratet, seier sjøfartsdirektør Olav Akselsen.
Korea Ship Safety Technology Authority (KST) har stort fokus på auka skipstryggleik, spesielt med tanke på passasjerskip, ferjer og fiskefartøy. Sjøfartsdirektoratet og KST har også felles utfordringar knytt til fiske i nordlege farvatn, der avstandane er store, og værtilhøva vanskelege. Miljøvennleg drivstoff for skip er eit anna tema som står høgt på dagsorden hos dei to sjøfartsmyndigheitene.
Samtalene mellom Sjøfartsdirektoratet og KST starta under eit seminar om miljøvennleg skipsfart, som blei arrangert i Sør-Korea i 2015, og ein delegasjon fra KST besøkte Sjøfartsdirektoratets hovedkontor i desember i fjor. Avtalen vart signert under ein offisiell seremoni i Busan i Sør-Korea, måndag 18 april. Der deltok også Noregs ambassadør til Republikken Korea, Jan Grevstad, og Harald Nævdal frå Innovasjon Norge sitt kontor i landet. Kilde: Sjøfartsdirektoratet