Scana & Niigata lanserer framdriftspakke
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Scana Volda har inngått samarbeidsavtale med den japanske dieselmotor-produsenten Niigata Power Systems Co., Ltd., om å lansere ein felles Niigata & Scana framdriftspakke.
Samarbeidsavtalen vart signert under SMM i Hamburg i september i fjor, og Niigata og Scana har førebudd lanseringa med bl.a. ein prosjektguide over typiske konfigurasjonar for offshore support fartøy.
Framdriftspakken er basert på den nye Niigata 28AHX motorserien (2070 - 6660 kW), kombinert med propellar, gir, tunnel thrustarar og fjernstyringssystem frå Scana Propulsion. Framdriftspakken er tilgjengeleg frå den globale salsorganisasjonen til både Niigata og Scana Propulsion.
– Vi ser eit stort potensiale for ein Niigata og Scana framdriftspakke til offshore support fartøy, og vi har allereie erfart positiv interesse frå dette segmentet i Asia, seier Hallvard Pettersen, dagleg leiar i Scana Volda. Både Niigata og Scana har lang erfaring i leveransar til sine respektive marknadar, og det er derfor to erfarne aktørar som no tilbyr ein felles framdriftspakke.