Bnr. 305 ved kai påmUlstein Verft. Foto: Ulstein

Driftsavtalar for BSI-nybygg frå Ulstein Verft

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Reiarlaget Golden Energy Offshore i Ålesund har inngått driftsavtalar for dei to plattform forsyningsskipa av PX121-design som Ulstein Verft byggjer for Blue Ship Invest. Skipa er klare for levering i første kvartal 2015.

PX121-designet frå ULSTEIN har vorte svært attraktivt sidan det første skipet starta i arbeid i 2012, og til no har 30 skip av denne typen vorte kontraherte av ulike reiarlag for bygging på verft kringom i verda. Mannskapa på dei leverte skipa gir særs gode tilbakemeldingar, mellom anna som følgje av komforten om bord og skipa si evne til å halde oppe operasjonell drift sjølv i dårleg vêr.

- I Golden Energy Offshore har vi alle driftsfunksjonar innanfor selskapet, og vi ser fram til å samarbeide med Blue Ship Invest, seier konsernsjef Per Ivar Fagervoll i Golden Energy Offshore i ei pressemelding.

SENTRALE FAKTA BNR 305/306

Length over all approx.        83.4 m

Length between p.p.             76,5 m

Breadth moulded             18.0 m

Depth to main deck           8.0 m

KLASSIFISERING

DnV X1A1, Offshore Service Vessel Supply, SF, E0, DYNPOS-AUTR,

CLEAN DESIGN, COMF-V(3), COMF-C(3), LFL*, NAUT-OSV(A), DK(+), HL(+)