Opprydding til 110 millioner kroner
110 millionar kroner til oppryddingsarbeidet etter ”Godafoss”-grunnstøytinga.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Det vart i statsråd i dag gjeve fullmakt til at Kystverket kan overskride 2011-budsjettet med 110 millionar kroner for å dekkje nødvendige kostnader til oljevernaksjonen fram til at det er mogleg å få full oversikt over omfanget. Når Kystverket har grunnlag for å utarbeide eit endeleg overslag over kostnadene med aksjonen vil det bli vurdert om det er behov for å stille ytterlegare midlar til disposisjon. Det vil samtidig bli fremma forslag til Stortinget om tilleggsløyving.
Etter forureiningslova er det forureinaren som er ansvarleg for kostnadene knytt til avgrensing av og oppreinsking etter oljesøl. Det vil derfor bli kravd refusjon for staten sine kostnader ved oljevernaksjonen.