Fleire skip bør flagga norsk
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Sjøfartsdirektoratet har ein offensiv strategi for å få fleire skip inn i Norsk Internasjonalt Skipsregister (NIS).
Sjøfartsdirektør Olav Akselsen tok under Haugesundkonferansen for seg ei rekke argument for at rederia bør velga norsk flagg. Han opplyste at i år 2000 segla om lag 60 prosent av norskeigde skip under norsk flagg. I 2012 var denne andelen redusert til om lag 40 prosent.
- Realiteten er at heile 1000 «norske» skip seglar under framandt flagg. Dette må vi gjera noko med, sa Akselsen, og stilte spørsmålet: Kva er det som avgjer valget av flagg? Jo, generelle rammevilkår, service og følelsar, svarte han.
Han peikte på at Noreg og NIS står i ein konkurransesituasjon, sidan det er fritt for rederia å velja kva land dei vil registrera skipa sine i. Sjøfartsdirektoratet sine tenester vert difor heile tida målt opp mot andre registre sine tenester. Etter kontaktmøter med ei rekke rederier rundt om i landet, er tilbakemeldingane at service er noko av det viktigaste rederia tek omsyn til når det skal velga flagg, sa Akselsen, og lista opp kva dei meiner med begrepet service: Kort sakshandsamingstid, tilgjengelege tilsette, gode elektroniske tenester og tett dialog. Dessutan må det ikkje eksistera norske særkrav.
Sjøfartsdirektoratet god grunn til å flagge norsk
Akselsen trekte fram mange av dei tiltak Sjøfartsdirektoratet har sett i verk for å tilfredsstilla næringa sine behov og krav: Digitalisering av tenestene, betre service ved registrering i dei norske registra (NIS og NOR), med fast kontaktperson, enklare dokumentasjonskrav og utvida vaktordning.
Han slo vidare fast at Sjøfartsdirektoratet sin strategi har eit hovudmål, nemlig at direktoratet skal bli den føretrekte maritime administrasjon.
- Ja, Sjøfartsdirektoratet vil gjerne vera ein god grunn til at rederia vil flagga norsk.