
Ny ferje aukar kapasiteten med 67 prosent
Fjord1s nyaste ferje, MF Hjørundfjord, går inn i trafikk fredag denne veka på ferjesambandet Festøya – Solavåg i Møre og Romsdal. Med “Hjørundfjord” på plass, får sambandet auka kapasiteten med heile 67 prosent.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
MF Hjørundfjord er ferje nummer to som skal trafikkere sambandet Festøya – Solavåg, saman med søsterskipet MF Storfjord som vart sett i drift i februar i år.
Med MF Hjørundfjord har Fjord1 til saman 68 ferjer i drift langs kysten.
Auka kapasitet
For dei reisande på Festøya-Solavåg-sambandet i Møre og Romsdal gjev Hjørundfjord og Storfjord eit vesentleg betre tilbod med lastekapasitet på 116 personbilar per ferje, som inneber ei 67 prosents auke i kapasiteten på sambandet samanlikna med før dei nye ferjene vart satt inn på sambandet.
Fjord1 er glad for no å kunne tilby kundane sine auka kapasitet. Dette vil kome både pendlarar og andre reisande til gode
- Tilbakemeldingane vi har fått frå våre reisande, er at dei er svært fornøgde med “Storfjord” og at dei no gledar seg til at også ”Hjørundfjord” vert sett inn i trafikk. Vi har fått sterke signal på at reiseopplevinga har blitt betre, både fordi dei nye ferjene er lettare og raskare å køyre av og på, og fordi det er ei trivelegare oppleving å reise på eit nytt fartøy, seier Anker Grøvdal, administrerande direktør i Fjord1 MRF.
- Fjord1 er fremst i verda på bruk av LNG-gass på passasjerferjer, og vi er godt fornøgd med å vere i ein posisjon der vi kan teste ut også andre formar for miljøfremmande tiltak, slik som det miljøvenlege botnstoffet på Hjørundfjord.