Kontrakt på vaskesystem til Eros og Kings Bay

SEVI og Maritim Utvikling skal levere automatisert vaske- og spylesystem til EROS og Kings Bay. Skipa vert dei fyrste i sitt slag i Noreg som får dette heilautomatiske vaskesystemet. Tryggleiken til mannskapet vert ivareteken og miljøutsleppa vert mindre enn ved tradisjonelt reinhald. ?

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

SEVI og oppfinnaren i Maritim Utvikling Bjørn Egil Heimgård, har samarbeidd i fleire år med utvikling av vaskesystemet som er installert om bord i 8 brønnbåtar så langt. Dette systemet sørgjer for automatisk reingjering av tankar, rør, ventilar og slangesystem, der alle komponentar vert reingjorde i ein prosess. I tillegg får ein komplette rapportar med dokumentasjon på utført reinhald som ein kan leggje fram for kunde/fiskekjøpar.

Eros og Kings Bay vert dei fyrste innan pelagisk fiske i Noreg med dette heilautomatiserte vaskesystemet. Begge skipa skal utrustast ved Larsnes Mekaniske Verkstad AS som med ny kai no har kapasitet til å utføre arbeid på større fartøy enn tidlegare.

Høgare krav til kvalitet på leveransar frå fiskefarty gjer at det er viktig for våre kundar at dei kan vise til skikkeleg reinhald og dokumentere resultatet. Vaskesystemet gjer at desse fartøya vert dei beste i si klasse innan reinhald og dokumentasjon. Det passar bra inn i SEVI sin filosofi om å bistå kundar i å verte betre på det dei allereie er dyktige på seier Teknisk leiar elektro i SEVI Severin Gjerde.

Eigarane av Eros og Kings Bay har heile tida vore meget fokusert på at ein skal fylgje ei grøn line på korleis prosessane om bord skal gjennomførast. Vaskesystemet gjev mindre utslepp av såpe, kortare vasketid samt ein tryggare arbeidsplass for mannskapet om bord. Ved hjelp av få tastetrykk på ein skjerm vil mannskapet kunne gjere reine fisketankar, rørsystem, slangar og ventilar på kort tid. Etter utført operasjon vil ein få ut rapport for utført reinhald som ein kan vise til kunde eller fiskekjøparar.