‘Seven Viking’ klar for Nordsjøen
‘Seven Viking’ vart døypt av ordførar i Stavanger, Christine Sagen Helgø, i Stavanger i dag, 30. januar 2013. Det unike nestegenerasjons inspeksjons-, vedlikehalds- og reparasjonsfartøyet (IMR) vart levert frå Ulstein Verft til Eidesvik Seven 23. januar i år.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Skipet er eit ICE-C-klassa fartøy med ein mannskapskapasitet på 90 og ein toppfart på 17 knop eigd i fellesskap av Eidesvik og Subsea 7 gjennom selskapet Eidesvik Seven AS. Skipet skal arbeide for Statoil i det barske klimaet i Nordsjøen, og skal utføre mange ulike oppgåver, mellom anna inspeksjon, vedlikehald og reparasjonar av undersjøiske oljeinstallasjonar, i tillegg til avskalingsbehandling og RFO-operasjonar.
- Den samla innsatsen til og det gode samarbeidet mellom ULSTEIN, Eidesvik og Subsea 7 har resultert i ‘Seven Viking’ – eit skip skreddarsydd for IMR-operasjonar, og som det ikkje fins maken til i marknaden, seier Stuart Fitzgerald, Vice President Norway i Subsea 7.
Jan Fredrik Meling, administrerande direktør i Eidesvik Offshore legg til: - Vi i Eidesvik er særs nøgde med det nære og konstruktive samarbeidet med Subsea 7. Forholdet mellom selskapa har utvikla seg gjennom fleire år, og gjer det mogleg for oss i samarbeid med ULSTEIN, å lansere dette eineståande skipet.
- Vi er stolte over å levere eit fartøy med makelaus teknisk og operasjonell kapasitet innan sitt område, og eg er viss på at ‘Seven Viking’ vil innfri Statoil sine forventningar, seier Gunvor Ulstein, konsernsjef i Ulstein Group.
Smidige Seven
Prototypfartøyet har den unike X-BOW® skroglinjedesignen, som gir mindre og mjukare rørsler i transitt og auka stabilitet i dei fem meter høge bølgjene som er typiske for Nordsjøen. Trass i den svært gode stabiliteten, som vanlegvis vert sett i samanheng med storleik, er denne utgåva av ULSTEIN sin SX148-design kompakt, med ei lengde på ‘berre’ 106,5 meter og ei breidde på 24,5 meter. Skipet si smidigheit gjer at ‘Seven Viking’ lett kan manøvrere i tronge rom, slik som mellom plattformer, og kome til i vanskeleg tilgjengelege område.
‘Seven Viking’ har stor kapasitet til å frakte både mannskap og ein mengde subseautstyr takka vere ei smart utforming som gir maksimalt skrogvolum og der utstyret er integrert i ein stor hangar. Fartøyet sin kapasitet til å frakte alt naudsynt vedlikehaldsutstyr, gjer at det kan operere kontinuerleg, med minimal nedetid.
Sikkerheit
HMS (helse, miljø og sikkerheit) har vore eit anna hovudfokus i prosjektet.
- Dei aller beste løysingane har vorte utvikla for å sikre trygge og effektive operasjonar, inklusiv eit skreddarsydd modulhandteringssystem (MHS) som er integrert i skipet sin hangar for sikker utsetjing og opphenting av undervassmodular med ei vekt på opptil 70 tonn gjennom moon pool-en, seier Vidar Øvstedal, offshoresjef i Subsea 7.
For å optimalisere samarbeid og kommunikasjon, er alt operasjonsmannskap samla i eitt område vegg i vegg med hangaren, og store vindauge i kontrollromet gir full oversikt over arbeidsareala om bord. Skipet er også utvikla med tanke på å møte dei strengaste krava til arbeidsmiljø, og har komfortklassen COMF-V (3). Gjennom å bruke elektriske vinsjar til mellom anna ROV’ar, MHS og hjelpeutstyr, har ein oppnådd eit lavast mogleg støynivå i hangaren. Vidare er det installert persontransportkorger og utstyrskraner her for å minimere arbeid i høgda og manuell handtering av utstyr. Skipet sitt høge fribord gir også auka tryggleik for dekksmannskapet. I tillegg har fartøyet ein separat boligdel plassert i avstand frå arbeidsområda om bord for å sikre at mannskapet kan kvile mest mogleg uforstyrra.
Miljøomsyn har òg vore viktig i utviklinga av skipet, som ber klassenotasjonen Clean Design. Miljøtiltak omfattar blant anna dieselelektrisk framdrift, som reduserer utslepp til atmosfæren, og elektriske vinsjar som gir nullutslepp av hydraulikkolje.