Stor kranordre til Rolls-Royce

Rolls-Royce skal levere til saman åtte offshorekraner til Detroit Chile SA sine nye plattform supplyfartøy (PSV), som er under bygging ved Detroit Brasil Ltda verftet i Itajai, Brasil.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Det er den nye prisvinnande parallellstagskrana som er valt av Detroit Chile SA; ei kran som er optimalisert for sikker og meir effektiv handtering av last både ved kai og på skipsdekk medan fartøyet er offshore.

- Dette er eit nytt produkt som, trass ung alder, alt har utmerka seg i marknaden. Ein konfigurasjon med to kraner på kvar båt gir ei tryggare, meir effektiv og sjølvstendig lasthandtering. Desse PSV’ane vil vere av dei fyrste som kan laste og losse dekk kun ved hjelp av eige utstyr. Vi er veldig stolte over å ha landa denne viktige kontrakta, seier salgssjef Ottar Antonsen ved Rolls-Royce i Brattvåg.

Dei fire fartøya av Guido Perla design skal etter ferdigstilling, i operasjon for det statleg eigde oljeselskapet Petrobras i Brasil. Kontrakta er på åtte år, og operatør av dei fire PSV’ane er Starnav Serviços Maritimos ltda, eit dotterselskap av Detroit Chile SA.

Parallellstagskrana er utvikla i samarbeid med Huse Engineering, og vann tidlegare i år prisen ”Årets innovasjon” under Offshore Support Journal sin årlege konferanse i London. Same type kran er installert om bord i Farstad Shipping sin PSV Far Solitaire, samt om bord i ein PSV under bygging ved Keppel Singmarine Brazil SA verftet.