Båtdåp med bismak
Bergen Group Fosen kan miste 260 arbeidsplassar.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Forskingsfartøyet Boa Galatea vart døypt i dag. Men seremonien hadde ein bitter bismak. For båten kan markere slutten på 260 arbeidsplassar på Bergen Group Fosen, også kalla Fosen Mek, skriver NRK på sine nettsider.
Finansiering
Problem med finansiering fører til at Taubåtkompaniet avlyser bygging av ni skip ved verftet. Daglig leiar i Taubåtkompaniet AS i Boa Group Ole Bjørnevik vil trulig avslutte båtbyggjinga på Fosen. Dermed står mange i fare for å miste arbeidet. Det gjer Fagforeiningsleiar i Bergen Group Fosen Johan Engvik er bekymra.
- Det er jo uheldig for heile lokalsamfunnet. Heile lokalsamfunnet er jo avhengig av bedrifta. I Rissa også. På grunn av tilstanden i marknaden i det siste har vi vore avhengige av BOA for å unngå massepermitteringar. Det er allereie folk som er permitterte.
Men Arnar Utseth er administrerande direktør i Bergen Group Fosen trur ikkje at framtida er så mørk. Verftet får eit nytt skrog i slutten av august som gir arbeid fram til nyåret.
Har trua
- Eg har trua på at vi får nye prosjekt og då blir det arbeid igjen. Men det finnast ingen garantiar i denne bransjen. Men vi jobbar for å få det til. Vi har arbeid enda, og seinare er det slett ikkje sikkert at det er noka krise, seier Utseth.
Men om alt ikkje går etter planen må Bjørnevik og Boa Group trulig flytte produksjonen av dei ni båtane sine til Kina.
- Dette er den siste båten vi bygger her foreløpig. Så ser vi korleis finansieringa går vidare. Om vi ser berre på pris er Kina billigast,. Men vi ønskjer å bygger her grunna kvaliteten, seier Bjørnevik.