Illustrasjon: UT 771 CDL ©Rolls-Royce/ Global Maritime AS

Fire nye Rolls-Royce fartøy til Kina

Rolls-Royce har inngått kontrakt om levering av design og utstyr til fire offshore supply fartøy til eit reiarlag frå Hong Kong. Fartøya skal byggast av COSCO Zhoushan verftet i Kina, og kontrakta inkluderer opsjonar på ytterligare fire skip. Kontrakta har ein verdi på om lag 247 millionar kroner for Rolls-Royce.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Dei fire fartøya av type UT 771 CDL skal operere i Kina, og vil utføre oppgåver som transport av rør og utstyr til og frå bore- og produksjonsplattformer.

- Det er svært gledeleg å sjå at COSCO Group no kjem tilbake til oss, og denne gongen med ein ny kunde. Dette syner at dei set sin lit til at Rolls-Royce møter behova deira, og tilbyr dei det siste innan offshoreteknologi, seier Anders Almestad, konserndirektør for Offshore i Rolls-Royce.

Med denne kontrakta vert det også skapt ein liten bit historie då det er første gong

Rolls-Royce sel MTU-motorar som ein del av den integrerte systemleveransen til eit UT-fartøy.

-Vi ser eit stort potensiale for samarbeid på motorsida, så snart Rolls-Royce og Daimler sitt oppkjøp av MTU-produsent Tognum vert fullført, kommenterer Almestad.

I tillegg til MTU- hovedmotorar, inneheld leveransen frå Rolls-Royce framdriftssystem, power electrical system, bulkhandteringssystem, dekksmaskineri, automasjon og kontrollsystem samt dynamisk posisjoneringssystem. Den omfattande utstyrspakken skal i all hovudsak produserast ved Rolls-Royce sine avdelingar på Sunnmøre og i Bergensområdet.

Dei fire fartøya skal etter planen leverast i 2014. COSCO- gruppa har i tillegg fire andre UT-fartøy under bygging ved COSCO Guandong verftet i Kina.

Meir enn 170 skipsreiarar verda over har UT- fartøy i flåten sin.