Rolls-Royce med ny offshorekontrakt
Rolls-Royce har skrive kontrakt på levering av design og utstyr til fire nye plattform supplyfartøy for eit internasjonalt reiarlag. Kontrakta har ein verdi på 220 millionar kroner for Rolls-Royce, og inkluderer også ein opsjon på levering av seks fartøy til av same type.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Fartøya er av ein ny type Rolls-Royce design, UT 771 CDL, som er utvikla i tett samarbeid med reiar og verft. Hovedoppgåva til båtane vil vere transport av rør, sement, utstyr og anna last til og frå rørleggingslekterar, boreplattformer og produksjonsplattformer. I tillegg vil fartøya vere utstyrte for brannslokking. Fartøya skal byggast ved COSCO sitt verft i Guangdong, Kina, med levering i 2014.
Verftet COSCO er ein ny relasjon for Rolls-Royce.
- Vi er svært nøgde med å kunne signere denne fyrste avtala med COSCO. Det er ein ny samarbeidspartner for oss, og vi har høge forventningar til dette moderne verftet, seier Ronny Pål Kvalsvik, salssjef ved Rolls-Royce Ship Technology- Offshore.
- Samarbeidet mellom Rolls-Royce, COSCO og reiarlaget i utviklinga av dette nye designet har vore framifrå. Dette er moderne og avanserte fartøy, og vi ser fram til å jobbe tett med både vert og reiar i byggeperioden.
Når det gjeld utstyr, skal kvart av dei fire fartøya inneha ein fullt integrert utstyrspakke frå Rolls-Royce inkludert dieselelektrisk framdriftssystem, dekksmaskineri, bulkhandteringsystem samt automasjon og kontrollsystem. Lengda på fartøya vil vere 83.75 meter, med ei breidde på 18 meter, og eit dekksareal på 875m2.