COSCO skal bygge ULSTEIN-design
Ulstein har inngått kontrakt på levering av design og kraftpakkar til to plattform forsyningsfartøy av typen PX121 for det nederlandske reiarlaget Vroon. Skipa skal byggast ved COSCO-verftet i Kina.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
- Både reiarlaget og verftet er nye kundar for oss. Vi er svært takksame for kontrakten, og ser fram til samarbeidet, kommenterer administrerande direktør Sigurd Viseth i Ulstein Design & Solutions.
Skipa er planlagde for levering i første kvartal 2015. I kontrakten ligg det også inne ein opsjon på ytterlegare to skip.
PX121-designen frå ULSTEIN har blitt svært godt motteken i marknaden. Fartøya til Vroon blir nummer ni og ti av denne designtypen.
Onsdag denne veka leverte Ulstein Verft skip nummer tre av seks til Blue Ship Invest av denne typen. Reiarlaget Britoil har også tinga to slike design tidlegare.