Designpakke til eit steindumpingsfartøy
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
ULSTEIN har inngått ein kontrakt på design og utstyr til Van Oord sitt nye SRI-skip, ‘Bravenes’. SRI står for ‘subsea rock installation’.
Skipet er utvikla i nært samarbeid med Van Oord, og er det første fullintegrerte designet der ULSTEIN er ansvarleg for både utviklinga og integrasjonen av fartøysdesignet, og av utstyret som trengst for å gjennomføre skipet sine operasjonar.
Nybygget skal baseres på eit unikt og innovativt design som inkluderer høgaste klasse av dynamisk posisjonering (DP3) og skrogforma ULSTEIN X-BOW, og tilfredsstiller klassekrava Clean Design, Green Passport og isklasse 1A - PC7. Skipet og utstyret om bord er utforma med tanke på arbeid året rundt ved tøffe vêrforhold og høg sjø.
Fartøyet skal byggjast ved Sinopacific Shipbuilding Group i Kina, og er planlagt for levering i 2016.