Opsjon på ni cruisefartøy
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
- Dette er ein strategisk svært viktig kontrakt for oss og vi er svært glade for at valet falt på oss som leverandør av design- og utstyrspakke. Samarbeidet mellom reiar, verftet, interiørdesignar, meglar, underleverandørar og våre eigne tilsette og dei andre partane som er involverte, seier administrerande direktør i Ulstein Design & Solutions AS, Eva Kristensen i ei pressemelding.
Ulstein Design & Solutions AS har vunne ein kontrakt med China Merchant Group (CMG) som skal bygge eit ekspedisjonscruiseskip til skipseigar SunStone. Kontrakten inkluderer sal av ein design- og utstyrspakke til eitt skip, med opsjonar på heile ni fartøy.
- Vi har jobba systematisk for å etablere oss i dette segmentet og skape innovative løysingar som dekker kunden sine behov. Kontrakten er eit svært viktig gjennombrot for oss innan dette segmentet . Med over 100 års erfaring innan skipsbygging og utvikling skal vi skape nye gode løysingar for våre kundar, seier Tore Ulstein, visekonsernsjef i Ulstein Group.
Fartøyet, som er av type ULSTEIN CX103, blir 104,3 meter langt og får ei breidde på 18,4 meter. Skipet vil ha plass til 255 personar om bord. Skroget får polarklasse PC6 og utstyret har isklasse 1A. Skipet oppfyller krava for «Safe Return To Port» og Virtual Anchorage.