Statsbesøk i Tyrkia resulterte i stor STADT kontrakt
STADT AS sikra seg ein ny ettertrakta ordre under det offisielle statsbesøket i Tyrkia forrige veke.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
I ein næringslivsdelagasjon på 120 norske leiarar som fulgte kongeparet, vart det STADT som kunne notere den største signerte kontrakta under besøkjet.
Det er fyrste gong STADT inngår kontrakt med det tyrkiste verftet Cemre, for offshorefartøy som skal eigast og drivast av det norske reiarlaget Norfield – Vestland Offshore. Kontrakta omfattar komplette diesel-elektrisk framdriftssystem for 2 + 2 SSV offshore fartøy som er designa av det norske selskapet SALT .
Frå før har STADT inngått kontrakt med Besiktas- verftet i Tyrkia på inntil 8 liknande fartøy som skal nyttast av PGS. Direktør Hallvard Slettevoll i STADT ser på desse kontraktene som svært viktige for selskapet si utvikling vidare, og trur at fleire betydelege kontakter kan kome på plass innan kort tid. Målet er å verte ein leiande leverandør av elektrisk framdrifts-system på verdsbasis.