Brasil Supply utvidar flåten av Rolls-Royce fartøy
Rolls-Royce har inngått kontrakt på levering av design og utstyr til to UT 735 SE offshore supply- fartøy som skal byggast ved Estaleiro Ilha S.A for det brasilianske reiarlaget Brasil Supply.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Dette er ordre nummer to frå Brasil Supply i løpet av sommaren, og reiarlaget har no fire fartøy av UT design som skal byggast ved same verft. Dei to siste fartøya skal vere klare for levering i 2013, og kontrakten har ein verdi på 130 millionar kroner for Rolls-Royce.
Designet av typen UT 735 SE er spesielt utvikla for det statlege brasilianske oljeselskapet Petrobras, og møter alle krav for fartøy som skal operere utanfor Brasil.
I tillegg til designet skal Rolls-Royce levere ein omfattande integrert utstyrspakke som inkluderer mellom anna propellsystem, dekksmaskineri, bulkhandteringssystem, automasjon- og kontrollsystem, dynamisk posisjonering (DP2) samt power electric system.
- Vi er sjølvsagt svært nøgde med at Brasil Supply nok ein gong vel Rolls-Royce når dei no utvidar flåten sin. Vi er opptekne av å tilby fartøy som oppfyller morgondagens krav, og denne kontrakta viser at dei stolar på vår evne til å møte deira eigne og Petrobras sine behov knytta til olje- og gassaktivitet, seier Atle Gaasø, salssjef i Rolls-Royce.
Rolls-Royce opna i 2009 eit nytt serviceanlegg i Niterói nær Rio, og her utfører selskapet service på alt utstyr som er levert til fartøy i regionen.