Johannes Kristian ”Bassa” Bjøringsøy i Sebastian AS framfor bilde av ”Navion Scandia”, som Sebastian AS hadde oppdrag på i 2011.

Sebastian AS med suksess på bøyelastarar

Sebastian AS har fått oppdrag av Teekay.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Bøyelastarane blir sett på som flytande røyrleidningar; skipa går fram og tilbake mellom oljeinstallasjonar og raffinerikompleks på land. Her er Teekay den leiande aktøren. Dei kontrollerer meir enn halvparten av alle skipa i heile verda innafor denne nisja.

Det er avanserte skip vi her snakkar om. Kvar av bøyelastarane er spesialutstyrt for å kunne laste opp olje frå bøyene, der DP - dynamiske posisjoneringssystem - sørger for at skipet held posisjonen sin, også under ekstreme vérforhold.

Sebastian AS tilbyr mellom anna FMEA - Failure Modes and Effect Analysis - og det er denne typen teneste som Teekay no etterspør hos Ulstein-firmaet.

- Vi er svært tilfredse med at Teekay vel å bruke oss som leverandør av FMEA-tenester, seier Dagleg leiar Johannes Kristian ”Bassa” Bjøringsøy i Sebastian AS.

- Etter at vi første gongen presenterte oss for Teekay i 2006, fekk vi i fjor endeleg eit oppdrag for ”å prøve ut Sebastian AS”, slik dei ordla seg.

Sebastian AS må ha gjort sine ting på ein god måte, sidan Teekay no gir Ulstein-firmaet fornya tillit.

- I eit møte med reiarlaget rett før påske fortalde leiinga at Sebastian AS fekk toppkarakter for jobben vi gjorde om bord i Navion Scandia. Dette er bakgrunnen for at Teekay vil utvide samarbeidet med oss. Vi har allereie motteke fire ordrar på liknande oppdrag, og er blitt varsla om at det kan kome ytterlegare ordrar i løpet av året, opplyser Sebastian-gründeren.