‘Blue Queen’, har blitt innleigd av Wagenborg Offshore på ein seks-årskontrakt for å støtte Nederlandse Aardolie Maatschappij (NAM) og Shell UK Exploration & Production (Shell UK) i deira offshoreoperasjonar i søre delen av Nordsjøen. Foto: Ulstein

"Blue Queen" på seks-årskontrakt i Nordsjøen

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Det Ulstein-eigde skipet "Blue Queen" har blitt innleigd av Wagenborg Offshore på ein seksårskontrakt for å støtte Nederlandske Aardolie Maatschappij (NAM) og Shell UK Exploration & Production (Shell UK) i deira offshoreoperasjonar i søre delen av Nordsjøen.

Dette fremgår av ei pressemelding. Skipet vil bli utstyrt med ei walk-to-work gangbru, og skal arbeide som eit beredskaps- og redningsfartøy. Kontrakten gjeld for  seks år, og skipet vil fungere som standbyfartøy og støttefartøy for inspeksjon og vedlikehald av ubemanna plattformer på nederlandsk og britisk sokkel. Skipet har vorte malt om i Wagenborg sine fargar ved Ulstein Verft, og vil gå frå Ulsteinvik til Nederland i starten av desember.

Walk-to-work-skip

Blue Queen er eit plattformforsyningsfartøy av typen PX121. Skipet skal byggast om frå plattformforsyningsfartøy til eit ‘walk-to-work emergency response and rescue vessel’ (W2W ERRV) ved verftet Royal Niestern Sander i Nederland. Dette inneber at skipet får ein ekstra boligmodul, rørslekompensert gangveg og kran. Ombygginga er venta å vere ferdig i mars 2018, og vil starte arbeidet I Nordsjøen i løpet av første kvartal. 

Produksjon av naturgass offshore

NAM og Shell UK arbeider med å produsere naturgass offshore, noko som kan vere utfordrande, både når det gjeld å utføre operasjonane så trygt og effektivt som mogleg, og å auke effektiviteten på offshore vedlikehaldsaktivitetar. Moderne offshoreproduksjonsplattformer er mindre, og til vanleg ubemanna og utan helikopterlanding, noko som utløyser behovet for såkalla ‘Walk-to-work’-fartøy der ein kan kome seg trygt over frå skipet til plattformane ved å gå over ei gangbru. Wagenborg har allereie eit slikt type skip, ‘Kroonborg’, som har vist at walk-to-work-fartøy kan utføre offshoreaktivitetar på ein sikker, effektiv og produktiv måte.

Wagenborg vel PX121-designet

Ulstein har levert heile 30 skip av dette designet. Desse plattform forsyningsskipa har fått svært gode tilbakemeldingar som følgje av ein gunstig kombinasjon av drivstoffeffektivitet og lastekapasitet. PX121-designet er ein veleigna plattform for tilpassing til mellom anna walk-to-work eller beredskap og redning.

Wagenborg Offshore

Wagenborg Offshore tilbyr offshoreservice og maritim støtte til offshoreindustrien. Selskapet starta i 1997, og opererer globalt. Flåten er allsidig og femner mellom anna om walk-to-work-fartøy, offshore forsynings-/støttefartøy, innkvarteringsfartøy og dykkarfartøy.