PSV-fartøyet Blue Fighter levert
Ulstein Verft leverte M/V Blue Fighter, det første av to mellomstore plattform forsyningsfartøy (PSV) av den nye PX121-designen frå ULSTEIN® til Blue Ship Invest, torsdag 19. januar 2012.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
- Dei to fartøya vart bestilte utifrå signal i marknaden om framtidig vekst i etterspurnaden etter denne typen PSV. Vi har inngått ein avtale med Remøy Shipping på drifting av Blue Fighter og jobbar med spanande oppdrag for skipet. I første omgang går det inn i spotmarknaden i Nordsjøen, seier Gunvor Ulstein, konsernsjef i Ulstein Group og administrerande direktør i Ulstein Shipping.
Ulstein Verft vann kontrakten på bygging av dei to skipa til Blue Ship Invest, eit shippingselskap i ULSTEIN, mot slutten av 2010. Det første skipet, byggenummer 291, vert no levert i samsvar med kontrakt.
- Leveringa av det første skipet av PX121-design, stadfestar Ulstein Verft si evne til å bygge prototypskip. Erfarne medarbeidarar, effektive prosessar og ein velfungerande prosjektorganisasjon gjer oss til ein konkurransedyktig og påliteleg skipsbyggingspartnar for avanserte offshore supportfartøy, seier Karsten Sævik, administrerande direktør i Ulstein Verft.
Effektivitet og fleksibilitet har vore i fokus under utviklinga av PX121-designen. Med optimale tankkapasitetar og fleksible tankarrangement er det multifunksjonelle fartøyet høveleg for mange forskjellige serviceoppdrag. Skipet er optimalisert for spesielle oppdrag og tilpassa behova for djupare og lengre borehol og operasjonar lengre frå land. I tillegg til tankar for drivstoff, ferskvatn og borevæsker, har skipet fire tankar for brannfarlege væsker.
Skipet er bygt med X-BOW® skroglinjeform, ei form som er særs godt eigna for denne type fartøy. X-BOW gir effektivitetsfortrinn ved ulike djupgangar, noko som er spesielt viktig for PSV-fartøy, då dei går med varierande mengde last. I tillegg har X-BOW unike fordelar i form av mjuke rørsler og framdriftseffektivitet i grov sjø. Både skrog og framdriftssystem gjer fartøyet spesielt godt tilpassa forholda i Nordsjøen og Nord-Atlanteren. Skipet er utstyrt med eit dynamisk posisjoneringssystem IMO klasse II.
Skipet er 83,4 meter langt og 18 meter breitt. Dekksarealet er 875 kvadratmeter og lastekapasiteten er på 4200 dødvekttonn. Skipet oppfyller DNV sine krav til notasjonen Clean Design og er forberedt for brannsløkking Fi-Fi-klasse II. Fartøyet har ei maksimumsfart på omlag 15 knop og lugarkapasitet for 24 personar.
Ulstein Power & Control har levert mykje utstyr til dette skipet, blant anna tavler, informasjons- og kommunikasjonssystemet ULSTEIN COM®, navigasjonssystemet ULSTEIN NAV, og det integrerte automasjonssystemet ULSTEIN IAS®.
Blue Fighter sitt søsterskip vert levert frå Ulstein Verft i tredje kvartal av 2012.