Rolls-Royce med nyutvikla propellsystem til hurtigbåt
Rolls-Royce har utvikla sin første thruster i kompositt, og i desse dagar startar prototypen si teneste, installert i hurtigbåten M/S Rygertroll.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Thrusteren, type AZP35C, er utvikla i eit innovasjonsprosjekt saman med båteigar
L. Rødne & Sønner AS og verftet Brødrene Aa, og hurtigbåtbransjen har no fått eit støyfritt og lettare alternativ i val av propellsystem. Med ein ytelse på 750kW per thruster får M/S Rygertroll ei toppfart på 32 knop.
- Denne nyutviklinga hadde ikkje vore mogleg utan den haldninga verft og skipseigar har til innovasjon. Rolls-Royce er avhengige av slike samarbeidspartnarar skal vi få demonstrere ny teknologi, og vi får no skaffa oss verdifull erfaring ved å ha denne prototypen installert om bord i M/S Rygertroll, seier Rune Garen, forskings- og utviklingssjef ved Rolls-Royce Marine Propulsion-Ulsteinvik.
- Samarbeidet med L.Rødne & Sønner AS og Rolls-Royce har vore veldig positivt. Det har vore eit krevande prosjekt for alle partar, og då er det ekstra hyggeleg med eit godt resultat. Vi ser at AZP35C kan få stor betydning for arbeidet med å auke komforten, gjere fartøya meir driftsøkonomiske samt å redusere utslepp, seier Tor Øyvin Aa, daglig leder i Brødrene Aa.
Mindre utslepp
M/S Rygertroll er bygd i carbonkompositt-materiale, og thrusteren frå
Rolls-Royce utfyller dermed dette lette og effektive fartøyet. Kompositthrusteren er ei vidareføring av Rolls-Royce sin kjende azipull thruster, og ved bruk av carbonkompositt er vekta redusert med heile 50 prosent samanlikna med den ordinære varianten. Den lave vekta saman med høg virkningsgrad, god manøvreringsevne og redusert drivstofforbruk fører til mindre utslepp.
Auka komfort
Det spesielle ved dette propellanlegget er at det i motsetning til andre propellar trekk båten framover i staden for å skyve i frå. Plasseringa gjer i tillegg at propellen får heilt reint vatn, og dermed lagar mindre lyd, mot konvensjonelle propellar der luftbobler i vatnet vert ført gjennom propellen og slår opp i skroget. Dette propellanlegget gir muligheit til å plassere hovedmotoren langt akterut i fartøyet, og dermed i god avstand frå passasjerområdet. Lite støy og vibrasjon gir auka komfort til passasjerane.
- For båteigar, og ikkje minst passasjerane som betalar for ei fin turoppleving med båten, betyr det mykje at opplevinga av støy er halvert, seier Garen.