Miljøprisen 2014 til NCE Maritime CleanTech
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
– Eg håpar dette blir eit utstillingsvindu for nullutsleppsteknologi, sa dagleg leiar Hege Økland då NCE Maritime CleanTech fekk Miljøprisen 2014 til Hordaland fylkeskommune for sitt viktige bidrag til å avgrensa framtidige klimagassutslepp gjennom å driva fram batteri- og hybridløysingar for skip.
Anne-Beth Njærheim, leiar av kultur- og ressursutvalet i Hordaland, delte nylig ut prisen under fylkestinget i Bergen.
– Klimaendringane er ei av vår tids største utfordringar. Å finne ein veg ut av sporet der vi slepp ut stadig meir klimagassar er noko av det viktigaste vi kan gjere, sa Njærheim under utdelinga.
Klynga NCE Maritime CleanTech har utvikla dei batterdrivne ferjene på Lavik-Oppedal og Jektevik-Tysnes. No er dei i ferd med å utvikle den første batteridrivne snøggbåten.
Hege Økland takka for prisen, som er på 50.000 kroner, ein plakett og blomster.
–Vi satsar på å få fram klimavennlege løysingar. Det er ekstra hyggeleg at vi får miljøprisen av vertsregionen vår, fylkeskommunen. Vi har heile tida ville utvikle Hordaland fylkeskommune til å bli ein miljøvennleg fylkeskommune, sa Hege Økland.
Om kvifor Maritim Clean Tech West får prisen, sa Njærheim.
–For eit ferjefylke som Hordaland er det som denne næringsklynga driv med, veldig spennande. Dei har vore med på å drive fram den første batteridrivne ferja i verda, og har også lansert hybridløysingar for skip. Å avgrense framtidige klimagassutslepp er svært viktig. Vi meiner at NCE Maritime CleanTech bidreg stort til dette og fortener årets miljøpris.
I fjor fekk NCE Maritime CleanTech status som Norwegian Centre of Expertise. Ein status som berre kjem dei mest dynamiske og vekstkraftige næringsklyngene til del. (Kilde: maritimecleantech.no)