Foto: Multi Maritime

Fjord1 med to nye batteriferjer

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

1. januar 2018 set Fjord1 i drift to nye batteriferjer på E39 Anda-Lote, i den første anbodskontrakta i Norge der staten set krav om nullutslepp. Nybygga blir ein milepæl i «det grøne skiftet» innanfor ferjenæringa.

Statens vegvesen opnar for delvis hybriddrift på sambandet, med bruk av biodiesel eller biogass på den eine ferja, men Fjord1 planlegg heilelektrisk drift av begge ferjene. Batteria om bord vil ha stor kapasitet, og ferjene vil kunne oppretthalde ruteproduksjon i fleire timar utan lading, til dømes ved vedlikehald av nett eller ladestasjonar. Lading av batteria vil skje ved hjelp av automatiserte ladestasjonar på kaiene.

Ferjene er tilpassa både miljøkrav, dei reisande og framtidig trafikkutvikling. Kvar av ferjene vil ha kapasitet til 120 personbileiningar, 12 vogntogeiningar og 349 passasjerar.

Skipa skal byggast ved Tersan Shipyard i Tyrkia, med produksjonsstart i oktober i år. Designet er utvikla av det leiande norske skipsdesign-selskapet Multi Maritime i nært samarbeid med Fjord1.

– Valet av samarbeidspartnarar er basert på krav om innovative løysingar, erfaring og pris, og vi har stor tru på at Fjord1 saman med desse partnarane tek prosjektet eit riktig steg inn i framtida. Vi i Fjord1 er stolte av å kunne binde saman midtre Nordfjord med to batteriferjer, samtidig som vi leverer to framtidsferjer til Sogn og Fjordane – som også er utvikla lokalt i fylket, fortel konstituert administrerande direktør i Fjord1, Andrè Høyset.   

Både Tersan Shipyard og Multi Maritime har lang erfaring med denne type arbeid innan kvar sine område. Tersan Shipyard er eit av dei leiande skipsverfta i Tyrkia, og har levert ei lang rekke avanserte farty, mellom anna til andre norske reiarlag.

– Vi i Tersan Shipyard er svært takknemlege over å bli valt som byggeverft på eit så innovativt ferjeprosjekt som Anda-Lote. Dei nye batteriferjene inneber eit pionerarbeid innanfor miljøvenleg offentleg transport i Norge, noko Tersan Shipyard er stolte over å kunne bidra til. Saman med ekspertisen til våre samarbeidspartnarar Fjord1 og Multi Maritime er vi trygge på at dei nye ferjene vil svare til forventningane til Fjord1 og lokalsamfunnet. Vi har eit sterkt håp om at dette prosjektet er starten på eit langsiktig samarbeid mellom selskapa, seier Nurettin Paks, styreformann ved Tersan Shipyard.

Multi Maritime har på si side levert meir enn 100 eigne skipsdesign, kor over 50 av desse er bil- og passasjerferjer. Dei nye ferjene blir nr. 14 og 15 i rekka av Multi Maritime-design til Fjord1, ifølge administrerande direktør i Multi Maritime, Gjermund Johannessen.

– Multi Maritime set stor pris på at Fjord1 har valt våre nyutvikla og leiande tekniske løysingar. Den nye generasjon batteriferjer som no skal byggast er eit fleksibelt design, utvikla med høgt fokus på miljø- og energieffektivitet - utan å gå på kompromiss med verken tryggleik, trafikkeffektivitet, kapasitet, eller komfort for passasjerar og mannskap, fortel Johannessen.

Multi Maritime skal levere komplett prosjektdokumentasjon og teikningar, inklusive produksjonsteikningar til byggeverftet.

Samarbeidet mellom Fjord1 og Multi Maritime, med utvikling og bruk av siste tilgjengelige teknologi, viser at selskapa både kvar for seg og saman er verdsleiande på miljøteknologi om bord i denne type skip.

Ferjene skal trafikkere E39 Anda-Lote i åra 2018-2027.

Nye-batteriferjer-pa-Anda-Lote-fullbredde-167215-1-1