©Ulstein Design & Solutions

Rolls-Royce skal levere ankerhandteringsutstyr til fire havgåande slepefartøy

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Rolls-Royce skal levere dekksmaskineri til dei havgåande slepefartøya som er designa av Ulstein Design & Solutions for det nederlandske reiarlaget ALP Maritime Services. Kontrakten har ein verdi på om lag NOK 190 millionar for Rolls-Royce.

Dei fire fartøya vert bygde i Japan på verftet Niigata Shipbuilding & Repair. Skipa er designa for å utføre store slep, som til dømes offshoreriggar og flytande produksjonseiningar (FPSO), over lange distansar. Slepekrafta til kvart fartøy vil vere om lag 300 tonn, og dei vil også bli utstyrt for ankerhandtering.

– Dette prosjektet er eit godt døme på korleis solid industrikompetanse gjer oss til ein føretrekt samarbeidspartnar for innovative reiarlag og designteam. Dei nye fartøya vil plassere ALP Maritime Services i eliteserien innanfor store havgåande slepeoperasjonar mellom kontinenta, seier Ottar Antonsen, leiar for dekksmaskineri i Rolls-Royce.

Dekksutstyret frå Rolls-Royce inkluderar eit komplett lavtrykksvinsj-system og hekkrulle. Vinsjane for slep og ankerhandtering er utvikla i samarbeid med designar og reiarlag spesielt for desse fartøya. Rolls-Royce skal også levere ror og styremaskiner.

Fartøya, som er av Ulstein Design SX157, er designa for verdsomspennande operasjonar. Fartøya skal leverast frå Japan i fjerde kvartal 2015 og fyrste kvartal 2016.

– Dette er ein svært viktig kontrakt, som medfører aktivitet i ein ny marknad for oss og for ein ny kunde. Kontrakten er eit resultat av nært samarbeid med verftet i Japan, reiaren i Nederland og samarbeidspartnarane i den maritime klynga. Dette er eit samarbeid vi ønskjer å utvikle meir i åra som kjem, sa visekonsernsjef i Ulstein Group Tore Ulstein, då dei sist veke annonserte si kontrakt med verftet.