Døypte første havgåande slepebåt til ALP
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Slepebåten «ALP Striker» vart døypt 13. mai 2016. Dette er det første av fire havgåande slepebåtar/ankerhandteringsfartøy (AHTS) til ALP Maritime Services. Kvart av dei har ei slepekraft på kring 300 tonn.
Skipa er av SX157-designet, og er ein del av ALP si ‘Future class’. Skipa har ei servicefart på 13 knop og ei toppfart på 19 knop. Med ein drivstoffkapasitet på meir enn 3500 m3, kan dei taue for full kraft i 45 dagar, noko som gjer at dei kan utføre oppdrag på tvers av dei store verdshava utan noko opphald. Skipa er bygde av Niigata Shipbuilding & Repair i Japan.