UT 535 E

Rolls-Royce signerar ny kontrakt i Brasil

Rolls-Royce har signert kontrakt på levering av design og utstyr til to oljeoppsamlingsfartøy som skal byggast for rederiet Asgaard Navegação S.A. Byggeverft er Aliança S/A Industria Naval e Empresa de Navegacao, og kontrakta har ein verdi på dryge 100 millionar kroner for Rolls-Royce.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Dei to fartøya er av typen UT 535 E, og er utstyrte med system som skal hindre skade på miljøet ved oljesøl. Båtane har som oppgåve å samle opp oljen, og frakte denne til land for vidare handsaming.

- Vi gleder oss over ny kontrakt, og ser fram til samarbeidet med Asgaard i tida som kjem. Dette er ein ny kunde for oss, som vi no skal bygge ein relasjon til, og dei skal gjere seg kjende med produkta våre. Med nok ein ny kunde har vi enda betre fotfeste i Brasil, noko som er ein spennande og viktig marknad for oss, seier Atle Gaasø, salgsansvarleg ved designavdelinga til Rolls-Royce i Ulsteinvik.

I tillegg til design omfattar leveransen frå Rolls-Royce ein fullt integrert utstyrspakke inkludert framdriftssystem, thrusterar, DP system, frekvensomformarar, automasjon- og kontrollsystem, dekkmaskineri og MTU- motorar.

- Rolls-Royce har eit godt samarbeid med Aliança, og vi opplever dei som dyktige. Verftet kjenner oss og designet vårt godt, med til saman ti Rolls-Royce designa båtar i porteføljen, og det gjer det byggeprosessen lettare for alle partar, seier Gaasø.

Aliança er eigd av CBO (Companhia Brasileira de Offshore), som sjølv har 13 Rolls-Royce fartøy i flåten sin.

Asgaard-fartøya skal vere ferdigstilte i 2015, og kontrakta inneheld opsjonar om bygging av to til.