Debatt:

Medstraum, fartøyet i TrAM-prosjektet. Prøvetur på Fjellstrand.

Fylka må lønast for å satse på nullutslepp til sjøs

Noreg er verdsleiande i utviklings av utsleppsfrie ferjer og hurtigbåtar. No er satsinga sett i spel av eit nytt forslag til inntektssystem for fylkeskommunane.

Publisert

Regjeringa følgja opp eigne lovnader om grøn maritim omstilling.

Det siste tiåret har vi fått verdas første elektriske bilferje, verdas første hydrogenferje og verdas første heilelektriske hurtigbåt. Små og store bedrifter langs kysten har vore med på å skriva maritim verdshistorie. Teknologien er klar, og no rustar næringa seg for å eksportera løysingane til resten av verda.

Fylkeskommunane har hatt ei sentral rolle i eventyret som innkjøparar av ferje- og hurtigbåttenester. Dei har stilt utsleppskrav, sett av ressursar og engasjert seg i utviklingssamarbeid med næringa. Slik bidrar dei til å nå norske klimamål og utvikla framtidas grøne maritime næring.

For at norskekysten framleis skal vera ein føregangsregion for utviklinga av berekraftige transportløysingar, treng fylka føreseielege rammevilkår der staten er med på spleiselaget. Forslaget frå regjeringa sitt ekspertutval om nytt inntektssystem for fylkeskommunane sår tvil om dette.

Ekspertutvalet føreslår å fjerna den særskilde kompensasjonen for låg- og nullutsleppsferjer og -hurtigbåtar i inntektssystemet. Forslaget tar ikkje høgd for meirkostnadene med drift av hurtigbåtar generelt og val av låg- og nullutsleppsteknologiar spesielt. Det å driva ei hurtigbåtrute mellom holmar og skjer på Vestlandet blir likestilt med ei bussrute på Austlandet. I praksis gir det fylka insentiv til å flytta transport frå sjø til veg, heller enn motsett.

Med fordelingsnøkkelen ekspertutvalet føreslår kjem alle «hurtigbåtfylka» langs kysten frå Rogaland til Troms dårlegare ut enn i dagens fordeling. Dei tre vestlandsfylka vil samanlagt kunna tapa om lag ein halv milliard kroner i årlege inntekter om forslaget blir vedtatt.

I maritim næring fryktar me at ei slik omlegging vil gjera det umogleg for fylka å satsa vidare på nye og berekraftige teknologiar. Om det blir vedtatt kan nullutsleppsrevolusjonen i ferje- og hurtigbåtflåten stoppa opp, akkurat når teknologiane nærmar seg marknaden.

Taparane blir både norsk maritim næring, som mistar viktige utviklingsmoglegheiter, og innbyggarane langs kysten som vil få dårlegare kollektivtilbod.

I Hurdalsplattforma gav regjeringa lovnad om å kompensere fylkeskommunane for meirkostnader ved val av låg- og nullutsleppsteknologi for ferjer og hurtigbåtar. Dette har lege til grunn for satsinga på låg- og nullutslepp i blant anna Vestland. No må regjeringa følgja opp lovnaden.

Heller enn å gå vidare med forslaget frå ekspertutvalet, oppmodar me om å laga eit inntektssystem som støttar opp under ambisjonane for grøn maritim omstilling.