Vellukka prøvetur for Acta Marine sitt havvindskip
SOV-skipet Acta Auriga har fullført ein vellukka prøvetur. Det skriv Ulstein i ei pressemelding.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Då dei viktigaste testane på prøveturen var unnagjort, meldte reiarlaget sine representantar følgjande: - Vi i Acta Marine-teamet om bord er veldig imponerte over prestasjonane. Vi kan nesten ikkje vente med å kome oss i arbeid med denne skjønnheita
Som ein del av prøvetursprogrammet vart fartøyet testa ved maks fart framover og akterover. Som følgje av X-STERN-utforminga av hekken, var akterut fart målt til over 12,5 knop, noko som underbyggjer fleksibiliteten til dette skipet ved vindfarmen. Den registrerte farta framover oversteig 13,5 knop. Støy- og vibrasjonsmålingane synte seg også å ligge godt innanfor grensene til den høge komfortklassa på dette fartøyet.
Skreddarsydd for havvindoperasjonar
Den store krana, gangveg, tårn for vare-/personheis og designløysingane X-BOW og X-STERN gir høg yteevne og stor fleksibilitet, god offshorelogistikk og høg komfort for dei opp til 120 personane om bord. Skipet har også lavt drivstofforbruk.
Baugforma X-BOW er særleg viktig når skipet skal gå i mote sjø, avdi ho splittar bølgjekrafta. Dette gjer at fartøyet vil kunne holde fart utan slag frå sjøen og med mindre vibrasjonar. Når skipet står posisjonert ved ein vindturbin eller offshoreplattform, vil kapteinen ofte velje å halde hekken, X-STERN, mot vêret. Dette vil ikkje berre eliminere slag, men fartøyet vil vere i stand til å halde seg på staden med færre thrusterar aktive, noko som gir redusert redusert drivstofforbruk.
Hovudutstyret frå SMST, som femner om den store, sentralt posisjonerte rørslekompenserte gangvegen, heis for overføring av personell og last, og den 3D-kompenserte krana som kan løfte 6-tonns last, har gjennomgått førebuande testar før prøveturen, og vil bli testa ytterlegare før skipet vert levert.
Ferdigstilling
Fartøyet er av Ulstein sitt SX195-design, og er no tilbake til Ulstein Verft for sluttarbeidet, før skipet skal leverast til Acta Marine. Fartøyet er tildelt ein 2-årig arbeidskontrakt for drift og vedlikehald på havvindparken BARD Offshore 1 utanfor Tyskland.