«Argos Georgia»

Fiskefartøy forliste

«Argos Georgia» har gått ned. Åtte personar er bekrefta omkomen. 

Publisert Sist oppdatert

Det norskeigde fiskefartøyet «Argos Georgia» har gått ned i Sør-Atlanteren, skriv NRK

Hovudsredningssentralen fekk beskjed om hendinga mandag kveld klokka 21:06.

Åtte omkomne

27 personar skal ha vore om bord. Nyhetsbyrået AFP meldte natt til onsdag norsk tid, at åtte personar er bekrefta omkomen, og at 14 personar er redda opp av vatnet. Tilstanden på dei som er redda opp er ikkje kjend. 

Ingen av mannskapet er norske statsborgere, opplyser administrerende direktør Robert Ervik i Ervik Havfiske til NRK.

Fiskebåten skal ha gått ned utanfor Falklandsøyene. 

Dårleg vêr

– Me veit ikkje heilt kva som har skjedd enno. Den har nok fått seg ei slagside, seier Robert Ervik, administrerande direktør i Ervik Havfiske, til NRK. 

Det skal ifølgje statskanalen ha vore dårleg vêr i området, og vindstyrke opp mot orkan styrke og bølgjer på 7–8 meter. 

Skipet er bygd ved Tersan i Tyrkia i 2018, og er flagga frå St. Helena. Fartøyet fiskar heile året etter tannfisk i Rosshavet og rundt Sør-Georgia i Sør-Atlanteren.